Vik – ledig avløysar

Julie Bøtun, Fresvik, er interssert i å ta på seg fjøsstell i bygda. Ho er utdanna agronom og har i tillegg fagbrev som røyrleggar.

Julie Bøtun skriv sjølv: » Hei! Eg er ganske fleksibel ang. jobbing. Tenkte 1-2 helgar eller ca 1 veke i månaden. I sommar-månadane jobbar eg med aktivitetar til turistane, så då er eg ganske opptatt.

Litt om meg: Fødd i 1984. Oppvaksen på gard i Fresvik. Utdanna agronom frå Sogn Jord- og Hagebruksskule. Har og fagbrev som røyrleggar. Bur no i Fresvik og tek på meg fjøsstell primært i bygda. Har erfaring med storfe og sau.»

For bestilling ring Julie direkte tlf.: 979 82 255

Eller til Landbruksteneter Sogn tlf.: 909 62 157