Vellukka motorsag-kurs

Motorsag-kurs for avløysarar, landbruksvikarar og andre interesserte.

Kurs for bruk og stell av motor-sag og rydde-sag på Kaupanger 16.-18.nov. 8 deltakarar dreiv for fullt med rydding og saging då underteikna var ute i skogen til dei. Kursleiar Arnt Laukeland rapporterte om ivrige deltakarar. Yngstemann, Robin på 15 år, handterte saga som ein vaksen kar. Landbruksvikar Jon-Trygve tykte det var greitt å få papir på det han kunne, sjølv om han har brukt sag i mange år. Somme gjekk kurset om att for å friske opp kunnskapane sine.

 Anders Einarsson Venjum og Stein Roar Haugen tek ein velfortent matpause.

Nytt for i år var ei spesiell kjede med band som ein kunne kaste over eit tre som var fellt, men hadde sett seg fast. Så kunne ein stå på kvar si side av treet og sage det av.

Kurset hadde deltakarar frå  Lærdal, Hafslo, Jostedal, Sogndal, Fjærland. Ei dame var med.

Kjetil Ruud, Bejamin Rock og Jon-Trygve Sygnabere var svoltne og.

Kursleiar Arnt Laukeland, Robin Yri og Janine Gulbrandsen kosar seg ved bålet.

   Kjetil og Benjamin i aksjon. Kjetil og Jon-Trygve jobbar for fullt.

Sigbjørn Andre Nybø kosar seg ved bålet.