Velkomen til Sølvi Wie

Sølvi Wie hadde fyrste arbeidsdagen sin som landbruksvikar i går, 15. september. Me ønskjer ho velkomen til oss. Arbeidsområde hennar er Lærdal-, Aurland- og Årdal kommune i 50 % stilling. Sølvi er nyutdanna frå Aurland jord- og hagebruksskule i vår og har i tillegg til å vere oppvaksen på gard med mjølkekyr, brei praksis frå arbeidslivet. I sommar har ho jobba som budeie i Aurland. Me tek imot tinging direkte til kontoret tlf. 57 68 13 95.

Kåre Kvamme. som er landbruksvikar i Aurland og Lærdal kommune, og Sølvi Wie kjem til å samarbeide. Når bonden må ha arbeidshjelp 7 dagar pr. veke vil dei dele oppdraget mellom seg. Turnusen til Sølvi er 14 dagar arbeid (10 arbeidsdagar) og 14 dagar fri med arbeidsstart 15. september.
I følgje arbeidsavtalen til landbruksvikarane skal all køyring reknast inn i arbeidstida som er 7,5 t pr. dag.
Prisar:



Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, arbeidsgjevaravgift, køyring, forsikring)


Sjukdom:                                 kr 1 030 + m.v.a. pr. dag


                        Anna avløysing, kvardag :        kr 1 250 + m.v.a. pr. dag


                        Anna avløysing, helg:                kr 1 500 + m.v.a. pr. dag