Velkomen til landbruksvikarane

Jon Trygve Sygnabere og Kåre Kvamme tek til som landbruksvikarar hjå oss frå fredag 25. april, med høvevis Luster og Aurland-Lærdal som arbeidsområde. Begge har solid jordbruksutdanning og lang praksis i næringa. Både Jon-Trygve og Kåre kan overta arbeidet på garden viss bonden blir sjuk. I tillegg blir det råd å leige dei til ferie- og fritid. Bestillingar i Luster skal gå gjennom laget, tlf. 57 68 13 95. Kåre Kvamme tek imot oppdrag direkte til seg, mobil: 95 98 46 33.

Prisar:
Sjukdom:           1030 pr. dag
Ferie- og fritid:    1250 pr. dag
Helg:                  1500 pr. dag

Sjukdom blir prioritert framfor ferie- og fritid.

Meir omfattande informasjon blir lagt ut her når det er klart og sendt pr. post til alle gardbrukarar i regionen.