Ung avløysar

12-åringen Kato Svori frå Myklemyr i Jostedalen starta tidleg som avløysar. Han er meir enn alminneleg interessert i dyr, gardsdrift og maskiner.

Kato er ikkje busett på gard, men har bønder rundt seg i grendi. Han fortel at han allereie for 4 år sidan fekk vere med i fjøsen på Espe gardsdrift. Der fekk han sjansen til å vere saman med dyr, hjelpe til med enkle arbeidsoppgåver og meir krevande arbeid etter kvart. No kan han både mjølke, legge ut kraftfor og køyre forutleggar.

So er det måking og kalvestell. «Ei ivrig avløysarspire som me lyt ta vare på,» seier Liv Espe. «Me ser at guten vert sterkare etter kvart av kroppsarbeidet i fjøsen.

Det er flott at Kato får sjansen til å arbeide med det han er aller mest interessert i.»

Han eig sjølv 4 kashmir-geiter som bur i garasjen heime. Desse får sikkert godt stell og mykje kos kvar dag. Han venta på killingar sist me snakkast.  Finaste dyra i verdi!

 På nabogarden driv Per Arne Myklemyr med mjølkeproduksjon og kalvar. Han startar tidleg om morgonen med fjøsstellet. Kato er ikkje interessert i å liggje å dra seg utover dagen. Kvar søndag morgon er det tidleg opp for å hjelpe Per Arne i fjøset. Det blir mest foring, kalvestell og måking. «So lyt me prate og diskutere litt,» seier den unge avløysaren.