To landbruksvikarar

Me er svært fornøgde når me i dag kan melde til dykk at to landbruksvikarar i område Luster, Aurland og Lærdal har takka ja til å jobbe hjå oss. Dei går med andre ord over frå å vere kommunalt tilsette til å bli landbruksvikarar i Landbrukstenester Sogn frå 25.4.Som kjent skal Landbrukstenester Sogn overta landbruksvikarordninga i dei sju kommunane i Indre Sogn som me har medlemer og avløysarar. Dette er eit geografisk område som laget har fått tildelt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Me kjem til å presentere dei to landbruksvikarane for dykk ganske snart og det vil bli sendt ut info om bestilling av arbeidshjelp både ved sjukdom, beredskap og ferie- og fritid.