Tage Nondal har flytta.
Tage Nondal har flytta frå Vik til Luster og arbeider no som landbruksvikar her. Han er utdanna agronom og har god erfaring etter mange år i arbeid i Vik. Tage tek oppdrag i Luster og Sogndal.
Tage Nondal arbeidde i fleire år som kommunal landbruksvikar i Vik før han vart tilsett hjå oss i 2009. No har han flytta til Hafslo. Då har me ein ekstra landbruksvikar i Luster/Sogndal for tida. Me vonar bøndene vil nytte seg av denne gode og rimelege arbeidskrafta.