Studentar vil bli avløysarar :)

Fredag 24. og laurdag 25. mai arrangerte me avløysarkurs på Hafslo. Det var student Frida Isungset som starta det heile.

Kurset vart delvis finansiert gjennom Studieforbundet Næring og Samfunn.

Frida hadde lyst til å lære å mjølke og bli avløysar. Ho hadde aldri vore i fjøs før. Dette tykte me var så positivt at me måtte prøve å få til noko…

Spreke studentar frå Høgskulen i Sogndal.

Etter kvart var det 9 studentar som melde seg på kurset etter at Frida hadde gjort litt lobby-arbeid på skulen. Dei kom frå lærarutdanning, økonomi, landskaparkitekt og idrett.  Tine kunne stille med lærar i mjølking og hygiene, hygieneteknikar Morten Årset.

På Hafslo vidargåande fekk me låne undervisningslokale. Skulen kunne og stille med kveldsmat til oss frå kantina.

Claus Moe var sporty og stilte som praksislærar. Han var travel med våronn, men underviste oss likevel i fjøsen med 23 mjølkekyr. Ein tolmodig og flink lærar. Ein kan ikkje lære å mjølke i eit klasserom, så det var svært snedde for oss å gå bort til Claus like ved skulen.

Claus fortel om mjølkeanlegget. Forvask før mjølking.

Alle studentane fekk prøve jurvask og mjølking både om kvelden og morgonen etter.

 Ingeborg Sivertstøl, rådgjevar Tine.

Laurdag kom Ingeborg Sivertstøl og underviste om foring til kalv, ungdyr og mjølkekyr. Ho hadde laga eit godt opplegg for oss. Studentane følgde ivrig med og stilte mange spørsmål undervegs. Etter kurset skal studentane ha praksis hos ulike bønder. Etter gjennomført 12 mål mjølking skal dei få kursbevis frå oss i Landbrukstenester Sogn. Me vonar at alle blir gode avløysarar, og at bøndene vil nytte dei i fjøsen.Garden til Claus Rhumor Moe på Hafso.

Ivrige studentar, mykje nytt å lære.

 

På mjølkerommet her.

9  studentar på rekkje i fjøsen hjå Claus.