Stilling ledig, landbruksvikar

Landbruksvikaren i Luster skal ha permisjon, 1 år frå 1. mars 2011, og me søkjer etterfølgjaren hans.
Ny søknadsfrist: 21. januar.

LANDBRUKSVIKAR i Luster

1 stilling, vikariat.

Me ønskjer oss personale med interesse og utdanning innan landbruk. Den som søkjer skal ta over alt husdyrstell når bonden er sjuk og må difor ha erfaring i fjøsarbeid både i moderne og eldre driftsbygningar. Det er naudsynt med god kunnskap i stell og bruk av landbruksreiskap. Søkjar må vere ansvarsbevisst, fleksibel og ha evne til god kommunikasjon. Landbruksvikaren må ha førarkort og vil få tilbod om firmabil. Særskild stillingsinstruks gjeld for landbruksvikaren. Landbruksvikarane føl eigen lønnstariff, og reisetid i jobben blir rekna inn i arbeidstida. Frammøteplass blir bestemt i samråd med søkjar.  Pensjonsordning. Søknad med cv skal sendast Landbrukstenester Sogn, postboks 157, 6866 Gaupne, aud.fossoy@n-lt.no,  tlf. 57 68 13 95, mobil 917 76626, www.landbrukstenester-sogn.no.