Landbrukstenester Sogn

Stilling 100 % i Fjærland


 

 

 

 

Fem bønder i Fjærland har ledig 100 % stilling frå 1. oktober. Det er tre bønder med mjølkerobot, ein bonde med mjølkeproduksjon i båsfjøs og sau og ein bonde med ammekyr. Det er difor fin variasjon i arbeidet.

Ta gjerne turen og helse på gardbrukarane og då kan du møte avløysaren som er tilsett der, men som diverre flyttar til hausten.

Bøndene ønskjer seg medarbeider med fortrinnsvis agronomutdanning. Du får opplæring og bustad kan tilbydast.

Du får løn i følgje avtale og pensjon.

I Fjærland er det eit godt jordbruksmiljø og me har også to andre tilsette i same bygda.

Send søknad og cv innan 19. juni til ltsogn@n-lt.no   For meir informasjon tlf 909 62157