Sommarjobb

Har du hatt 16-17-åring i sommar-jobb? Då kan du søkje om tilskot frå Luster kommune ved å levere timelistene til oss.

Luster kommune har vedteke at private verksemder (privat næringsdrivande) som har hatt 16-17-åringar busette i kommunen i minimum 2 veker i full jobb i sommar kan få tilskot på kr 3000 pr sommarjobb. (kr 6000 for funksjonshemma). Søknadsfrist 1. sept.

 Viss de leverer utfyllte timelister snarast til oss på kontoret, kan me sende samla søknad for alle gardbrukarane.