Søke om skattekort, utanlandsk borgar
Skal du besøke eit skattekontor må du bestille time
Skatteetaten har obligatorisk timebestilling for dei som treng eller ønsker å møte på skattekontoret.
Du treng berre å møte på skattekontoret om du skal · ha skattekort dersom du ikkje har gyldig D-nummer eller fødselsnummer, eller det er meir enn tre år sidan du har jobba i Noreg/utført ID-kontroll · melde innflytting til Noreg · bekrefte farskap
Du bestiller time på Skatteetaten sine nettsider. Time kan bestillast til påfølgande dag eller seinare. For å kunne bestille time for neste dag må bestilling skje før klokka 14.00.
Søk om skattekort på skatteetaten.no
· Personar med gyldig D-nummer og ID-kontroll kan søke om skattekort via våre nettsider. · Personar med fødselsnummer kan også søke om skattekort via våre nettsider. · Du som arbeidsgivar kan også søke om skattekort for din utanlandske arbeidstakar. Dette gjeld uavhengig om arbeidstakaren har eit norsk fødsels- eller D-nummer frå før.
Ein kan også laste ned og skrive ut papirskjema som ein sender pr. post til oss: Skatteetaten Postboks 9200 Grønland 0134 Oslo
Dersom du har andre spørsmål, ta kontakt med Skatteetaten på chat, Facebook eller telefon 800 80 000 Vennleg helsing Skatteetaten |
|