Referat frå stiftingsmøte
REFERAT frå stiftingsmøte av eininga Landbruksteneste Sogn laurdag 25. mars kl. 11.30 på China House, Sogndal.
27.03.2006 REFERAT
Det møtte 14 personer.
SAK 1/06: Godkjenning av innkalling og sakliste. Ingen merknad.
SAK 2/06: Val av møteleiar. Ivar Birger Kjørlaug Larsen ble vald. Val av skrivar. Solfrid Aaberge vart vald.
Sak 3/06: Val av 2 medlemar til å skrive under møteboka. Jan Hope og Jens K. Nes ble vald.
Sak 4/06: Arbeidet til interimstyret ble lagt fram til orientering av Aud Fossøy. har hatt tre møter i interimstyret. Det har vært mange utfordringar. Grunnen til fusjon: Administrasjonstilskotet heilt vekke, rentene langt mindre, færre bønder. Best mulig service til bonden for minst mulig kostnad.
Sak 5/06: Godkjenning av nye vedtekter: Solfrid Aaberge orienterte om vedtektene. Utgangspunktet for vedtektene er standard vedtekter for avløysarlag. Interimstyret har endra nokre punkt for og tilpasse dei til vår og dagens situasjon. Det var kommentar på § 2 der det står at det kan vera naturlig å yte tenester som styrker landbruket. Kommentaren gjekk ut på at vi måtte være forsiktig med å ta på oss arbeid med utlønning før vi undersøkte om vedkommande var kreditverdig. Ellers kunne laget komme i økonomiske vanskar.
Vedtak: Vedtektene vert godkjend.
Sak 6/06: Arbeidsplan for komande år. Arbeidsplan ble lagt fram av Aud med fylgjande punkt:– heimeside– samarbeid med kommunane– beredskapsansvar ved sjukdom– ajourhald– sakshandsaming sjukdomsavløysing (møter, rutinar)– sammøte med alle landbrukskontor– samarbeid med Sogn likningskontor og trygdekontora– kontakt med faglaga, til dømes forskotering av avløysartilskot– bygdeservice– berbar PC. Kontordagar i andre kommunar etter behov.– tenke nytt i forhold til målgruppe, fram i tid.– opne for signal frå medlemane– marknadsføring– avløysarane (dokument, opplæring, kurs)– HMS-tenesta– OTP- obligatorisk tenestepensjon.
Sak 7/06: Budsjett for 2006 Budsjettet ble framlagd av Aud. Det ble lagt fram med eit underskot på 25 800,-. Vedtak: Budsjettet vert godkjend.
Sak 8/06: Godtgjersle til styremedlemane: Leiaren for valnemnd Jan Hope la fram forslag frå valnemnda på kr. 4000,- for året til styreleiar og kr. 500,- pr. dag for medlemar i styret. Vedtak: Forslaget frå valnemnda vert godkjend.
Sak 9/06: Val: Jan Hope leiar i valnemnda la fram valnemnda sitt forslag til styre i Landbrukstenester Sogn for 2006. Jarle Barsnes, Sogndal styreleiar Jens K. Nes, Luster Sigmund Feten, Balestrand Ingmar Hjellum, Aurland Jan Reidar Njøs, Leikanger Henny Skildheim, Luster Annlaug Eri Jakobsen, Lærdal Elin Anita Gjerde, Leikanger Det kom forslag frå salen om Jens K. Nes som nestleiar. Vedtak: Jarle Barsnes, Sogndal styreleiar 1 år Jens K. Nes, Luster nestleiar 2 år Sigmund Feten, Balestrand, styremedl. 1 år Ingmar Hjellum, Aurland, styremedl. 1 år Jan Reidar Njøs, Leikanger, styremedl. 1år Henny Skildheim, Luster, styremedl. 2 år Annlaus Eri Jakobsen, Lærdal, styremedl. 2 år Elin Anita Gjerde, Leikanger, styremedl. og avløysar 2 år Det ble loddtrekning om dei styremedlemane som er på val etter 1 år. Varamedlemar Jan Geir Solheim, Lærdal Tøger S. Aasen, Luster Ole Jørgen Lerum, Sogndal Vedtak: Varamedlemar Jan Geir Solheim, Lærdal 2 år Tøger S. Aasen, Luster 2 år Ole Jørgen Lerum, Sogndal 2 år Administrasjonen la fram forslag til valnemnd: Valnemnd Ivar Birger Kjørlaug Larsen, Luster leiar Tor Sværen, Balestrand Jan Mo, Lærdal Per Idar Rygg, Sogndal Vara til valnemnd Ingunn Skeide, Fjærland Vedtak: Valnemnd Ivar Birger Kjørlaug Larsen, Luster, leiar 2 år Tor Sværen, Balestrand 2 år Jan Mo, Lærdal 1 år Per Idar Rygg, Sogndal 1 år Vara til valnemnd Ingunn Skeide, Fjærland Det ble loddtrekning av dei 2 i valnemnda som er på val etter 1 år. Val av revisor: Det ble lagt fram to alternativ til revisor. Deloitte og PricewaterHouseCoopers AS, begge Sogndal. Styrets forslag til stiftingsmøte var PricewaterHouseCoopers AS. Vedtak: PricewaterHouseCoopers AS, Sogndal vert vald. Møtet slutt 13.30. Jan Hope Jens K. Nes