Overgangsordningane opphøyrer 1. mai
Praktiske følgjer i samband med at overgangsordningane opphøyrer er at EØS-borgaren, med unntak av Romania og Bulgaria, kan arbeide utan å registrere seg på lensmannskontoret. Dette gjeld dei 3 – tre – fyrste månadane av opphaldet.
Den utanlandske borgaren må søkje om skattekort på skjema RF-1209 http://www.skatteetaten.no/Templates/Skjema.aspx?id=9222&epslanguage=NO
INFO, utanlandsk arbeidshjelp 2009
Regelverk og skjema:
Fram til 1. Mai gjeld same reglane som i fjor. Til orientering: NAV Lærdal tek ikkje imot skjema ”Søknad om skattekort til utanlandske borgarar” RF-1209. Dette skal sendast Skatt VestMeierigt. 26885 Årdalstangen I følgje skatteetaten blir alle skattekort for utanlandske i Sogn utskrivne i Årdal. Bruk difor denne adressa.
1. MAI 2009 opphøyrer overgangsreglane. Praktiske følgjer:
1. Når den utanlandske borgaren (EØS, med unntak av Bulgaria og Romania) skal arbeid mindre enn 3 månader treng ho ikkje opphalds – og arbeidsløyve. Ho treng difor ikkje kontakte lensmannskontoret.Men ho må derimot ha skattekort og d-nummer (søkje på nemnd skjema, RF-1209). Legg ved kopi av pass. Hugs fullstendig adresse i heimlandet. Fyll ut arbeidsperiode. Viktig med omsyn til sjølvmeldinga til dei utanlandske borgarane.For arbeidstakarar som skal arbeide i meir enn 3 mnd gjeld same reglane som i fjor.
2. Lønnstariffen: De treng ikkje tilby dei utanlandske full jobb. Løna må ikkje følgje overeinskomsten mellom LA og Fellesforbundet. Me har derimot inntrykk av at fleirtalet i bransjen framleis vil bruke denne tariffen. «LA og Fellesforbundet ble, i mellomoppgjøret for jordbruks- og gartnerioverenskomsten, den 15. april enige om følgende lønnsregulering:
Et generelt tillegg på kr 1,00 pr time, samt ytterligere et lavlønnstillegg til alle på kr 1,00 pr time. Begge tillegg gis med virkning 1. april 2009.» www.la.no
3. I følgje arbeidsmiljølova skal arbeidsavtale fyllast ut snarast råd. Kopi til Landbrukstenester Sogn.