Nytt år

Alle aktive medlemer har fått tilsendt årsoppgåve som er både eit rekneskapsbilag og eit dokument  der avløysarutgiftene for 2006 er summert. Husdyrbrukarar skal søkje om avløysartilskot for 2006 i lag med produksjonstillegget, side 4. På årsoppgåva finn de søknadsgrunnlaget nedst på arket. Dette beløpet skal overførast til søknadsskjema. Søknadsfristen er utvida til den 22. januar.