Nytt år

Alle aktive medlemer har fått årsoppgåve tilsendt. Me ber dykk merke at innbetalingsgiroen som ligg ved skal betalast innan 29. januar. Og alle har vel hugsa å levere søknaden sin, produksjonstillegg og avløysartilskot, til kommunen? Fristen går ut 20. januar.Førebels oppsummering av 2008 er at året har vore veldig positivt for laget. Me er særs nøgde med  å ha tilsett avløysar i ein heilt ny avløysarring i Balestrand. Velkomen til avløysaren, Renate Rendedal. Ho har sjølv vore pådrivar for å få til avløysarringen. Bøndene er særs positive og alt har fått ein pang-start. Det er og tilsett avløysar i avløysarringen i Sogndal. Velkomen til Åsmund Elvatun.

Me har kopla til eit par nye medlemer i avløysarringen og Åsmund har full stilling. Ei positiv innstilling frå både avløysaren og medlemer i ringen lovar godt for drifta.
Landbruksvikarane: Styret og administrasjonen var svært spente på korleis me skulle greie å halde fire landbruksvikarar i drift kontinuerleg, og har me finansiering god nok? Svaret på spørsmåla er JA. Me har greidd det! Ein av grunnane til at alt har gått svært greitt er kompetente og driftige landbruksvikarar. Eit anna viktig moment er at NLT, Norske Landbrukstenester har gjeve oss god hjelp til å kome gang og assistert oss etter kvart som probem må løysast.
Det ser ut for at me får ein ny landbruksvikar på plass i Lærdal/Årdal/Aurland ganske snart (1 års vikariat for Sølvi Wie som har svangerskapspermisjon). Me kjem attende med meir informasjon når tilsetjinga er i orden.
Me har overteke drifta av landbruksvikaren i Vik kommune. Velkomen til Tage Nondal. Det blir spennande for oss å samarbeide med bøndene i Vik.