Nye prisar

Nye prisar på landbruksvikar frå 1.1.2014. Dette er kvalifisert arbeidskraft som er subsidiert frå staten.

Landbrukstenester Sogn har ansvaret for landbruksvikarane i regionen. Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Fylkesmannen til beredskap.

Dei dagane det ikkje er sjukdom kan landbruksvikarane jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Me er avhengig av at de leiger det dyktige personalet vårt utanom sjukdom også!! Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida.

Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, feriepengar, arbgjevaravgift, køyring, forsikring)

Sjukdomsavløysing:              kr 1 500 + m.v.a. pr. dag 
Anna avløysing, kvardag:    kr 1 610 + m.v.a. pr. dag 
Anna avløysing, helg:           kr 1 930 + m.v.a. pr. dag

Tinging går direkte til kontoret, og vanlegvis i kontortida: tlf. 909 62157. Viss de blir sjuke utanom kontortida, mobil 917 76626, Aud.

Bestilling av landbruksvikar på tlf.: 909 62 157