Ny landbruksvikarordning

Styret i Landbrukstenester Sogn har gjort vedtak om å tilby landbruksvikarordning i alle dei 7 kommunane som laget har aktivitet. Administrasjonen og styreleiar vil ha møte med kommunane og dei 3 landbruksvikarane som er tilsette i dag sannsynlegvis før påske. I tillegg ønskjer styret å lyse ut fleire deltidsstillingar for å dekke opp heile regionen.

Landbrukstenester Sogn har fått tildelt vel 4 årsverk med landbruksvikar à kr 253 500. Prisen ut til medlemane for leige av landbruksvikar er fastsett til kr 1030 pr. dag som er den same summen som max. tilskot pr. dag for avløysing ved sjukdom m.v. Tilskotet er løyvd av Fylkesmannen og skal dekke både løn, køyregodtgjersle og sosiale kostnader til landbruksvikaren samt administrasjon og ikkje minst beredskapskostnader. Ein har tru på at dette skal bli eit godt tilbod til medlemane. 2008 må likevel sjåast på som eit prøveår og laget treng tid til å få god drift i heile regionen.
Medlemane vil få tilbod om å leige landbruksvikarane til ferie og fritid når dei ikkje er opptekne på sjukdom. Eller sagt på ein anna måte: Medlemane leige landbruksvikaren til ferieavløysing når han ikkje er oppteken med sjukdom. Laget er heilt avhengig av bestillingar på ferie-avløysing for å få økonomi i ordninga.
Det vil bli lagt ut ny informasjon etter kvart som me får ting på plass. Inntil vidare må medlemer som har tilgjenge til landbruksvikar, Luster, Leikanger og Aurland bestille hjelp hjå kommunen.