Ny landbruksvikar

Rusu Mihai Dorian vart tilsett som fast landbruksvikar hjå Landbrukstenester Sogn frå 1.07.2010.

Dorian starta som landbruksvikar etter at Janine Gulbrandsen sa opp stillinga si 29.06.2010. Han hadde då vore vikar for ho sidan 8. februar, og likar jobben godt. Dorian er 25 år og kjem frå Romania. Han er no busett i Fardal ilag med sambuaren sin.

Dorian har køyrt truck, jobba i stål-industri, Mesta og har allsidig praksis hjå Knut Jarle Orrestad. Han snakkar engelsk og litt norsk, og forstår det meste om me snakkar norsk til han. Begge er ivrige på å lære språket vårt, og i haust starta paret frå Romania på norsk-kurs i Sogndal.

Dorian er ein kvikk kar, og svært allsidig. Han jobbar både i fjøs og på utearbeid. Han kan køyre og handtere dei fleste maskiner. Sidan februar har Dorian hatt oppdrag hjå oss i Sogndal, Luster og Fjærland. Me har fått mange positive tilbakemeldingar m.o.t. arbeidet hans. Dorian likar å få arbeidet unna og han kvir seg ikkje for å ta eit tak.

Me vonar de tek vel imot den nye landbruksvikaren vår. Han er ein grei kar.