Ny landbruksvikar

Inger Johanne Yttri er tilsett i 100 % stilling som landbruksvikar i Luster, Sogndal og Leikanger frå 1.10.2014. Ho har jobba deltid nokre månader for Landbrukstenester Sogn i sommar, og vorte godt kjend med bønder i området. Inger Johanne bur på Skjolden, dermed blir beredskapen styrka i indre område av Luster. Ho er allsidig,  positiv og fiksar det meste. Ei brei utdanning som agronom, landskapsplanleggar m.m. gjer ho godt kvalifisert til jobben. Praksis mellom anna: 12 år som landbruksvikar i Romsdalen, arbeid på NBNU Ås senter for husdyrforsøk,  Romsdalsmuseet – rekonstruksjon hageanlegg, Molde kommune – annleggsgartnararbeid. Landbrukstenester Sogn er heldige som kan nytte seg av denne kunnskapsrike dama med lang erfaring i praktisk arbeid.

Inger Johanne Yttri

Inger Johanne Yttri

Inger Johanne Yttri

Inger Johanne Yttri