Motorsagkurs

Motorsagkurs i Luster 17. og 18. desember.

Kursdag i kapping 20. desember.

 

Motorsagkurs 17. desember og 18. desember (atterhald om nok påmelde)

Luster kommune inviterer til kurs i bruk og vedlikehald av motorsag. Kurset består av ca 12 timars opplæring over to dagar, og blir halde av Arnt Laukeland frå Skogbrukets kursinstitutt (SKI).

Første dagen består av teori, stell og vedlikehald av motorsaga. Andre dagen vert det praktisk øving i ein skogteig. Kurset gir nødvendig opplæring i tryggleik og er tilpassa vanlege oppgåver i skogbruket.

Kursavgift kr 1420. Skogeigarar i kommunen får dekka ein del av kursavgifta.

Dato: start om ettermiddagen 17. desember + heile dagen 18. desember.

Deltakarane får godkjent kursbevis ved gjennomføring.

Ta med verneutstyr og motorsag. Om du ikkje har dette, sei i frå ved påmelding !

KURSDAG I KAPPING 20. DESEMBER 2012

 

Luster kommune vil arrangere kurs i kapping/aptering.

Arnt Laukeland frå Aktivt skogbruk viser korleis ein nyttar tømmerstokken optimalt. Skur og slip, lengd, toleranse for kvist, sleng, krok, råte m.m.
Plass vert bestemt seinare. Ein legg til grunn
. Sogn og Fjordane skogeigarlag sitt reglement for kapping. Påmelding til servicekontoret, tlf. 57 68 55 00 innan 13. desember.

Gje opp namn og mobiltelefonnummer når du meldar deg på.

Påmelding til Luster kommune v/ tenestetorget 57 68 55 00 innan tysdag 11. desember