Marknadsundersøking Balestrand

Me vil finne ut om bøndene i Balestrand har bruk for ein landbruksvikar. Meld frå om du er interessert.


25.09.2008


TRENG DU MEIR FRITID?


Er du lei av å gå i fjøsen kvar dag?


Det kan vere trygt å vite at du har ein landbruksvikar i beredskap viss du blir sjuk….


Landbrukstenester Sogn er nemleg arbeidsgjevar for 4 landbruksvikarar i Sogndal, Luster, Leikanger, Årdal, Lærdal og Aurland. No vurderer me å tilsetje landbruksvikar i full stilling i Balestrand-regionen, ogso. Renate Rendedal, Balestrand, er interessert i å ta på seg denne jobben. Dette er eit unikt tilbod til dykk. Ho er 28 år, og har agronomutdanning frå Mo- og Jølster vidaregåande skule. Renate har vokse opp på gard, og har arbeidd som deltidsavløysar hjå oss i 2008.


NY LANDBRUKSVIKARORDNING frå 1.1.2008


Rundskriv 51/07:


«Den nye landbruksvikarordninga gjeld føretak som har rett til avløysing ved sjukdom mv. Det skal ikkje vere krav om at føretaket må vere medlem i eit avløysarlag for å kunne ta imot arbeidshjelp frå landbruksvikaren.»


Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Fylkesmannen for å ha ein slik beredskap.


Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, arb.gjevaravgift, køyring, forsikring)


Avløysing ved sjukdom: kr 1030 pr. dag + mva


Anna avløysing : kr 1250 pr. dag + mva


Anna avløysing, helg : kr 1500 pr. dag + mva


Dei dagane det ikkje er oppdrag på sjukdom kan landbruksvikaren jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida.






KARTLEGGING


Før me tilset landbruksvikar i full stilling, vil me gjerne vite litt om dykkar meining. Derfor vil me at de svarar på desse spørsmåla (heilt uforpliktande), og returnerer skjemaet til oss innan 8. oktober pr. post eller sender ein e-post.


1. Er du interessert i leigd arbeidshjelp? __________


2. Vil du bruke landbruksvikaren til sjukeavløysing? __________


3. Kor mange dagar i året vil du bruke landbruksvikar til fritidsavløysing? ____


4. Vil du nytte landbruksvikaren til forefallande arbeid når ho er ledig? ______


5. Treng du avløysing i helgane? ______


6. Ynskjer du tilsendt meir informasjon om denne ordninga? _______


Meir info på heimesida vår: www.landbrukstenester-sogn.no


På førehand takk!


Med helsing


Landbrukstenester Sogn