Luster: Søknad om kommunalt tilskot for sommarjobb , 16- og 17-åringar

Henta frå søknadsskjema til kommunen:»Bakgrunn: Luster kommunestyre har i k.sak 20/07 vedteke at private verksemder (private næringsdrivande) som tek inn 16- og 17-åringar busette i kommunen i heiltids sommarjobb på minimum 2 veker, kan få eit kommunalt tilskot til dette på       kr 3 000 pr. sommarjobb. Til sommarjobb for ungdom med funksjonshemming vert det ytt tilskot kr 6 000.»

«Det vert gjeve maks eitt tilskot pr. ungdom.
1. juni vert brukt som datogrense i kalenderåret. Dette betyr at det vert gjeve tilskot til sommarjobb for ungdomar som har fylt 16 år, men ikkje 18 år, pr. 1. juni 2007. Det må gå fram av søknaden (oppsett tilskotssats) om det vert søkt om tilskot til sommarjobb for funksjonshemma ungdom. Søknadsfrist 1. september.»

Landbrukstenester tek imot timelister frå dykk og sender samla søknad til kommunen for dei gardbrukarane som har hatt ungdom i aktuell aldersgruppe i sommarjobb. De må levere timelistene til oss innan 10. august. Merk timelistene med «sommarjobb 16-17 åringar».
Timeliste
Arbeidsavtale

Når tilskotet frå kommunen blir utbetalt godskriv me dykkar reskontro med beløpet.