Ledig stilling

Avløysar
Landbrukstenester Sogn har ledig 100 % stilling i Fortunsdalen avløysarring, som har seks medlemer med mjølkeproduksjon og litt sau. Tilsetjing snarast.9 av 10 bønder stortrivst i yrket sitt (Statistisk Sentralbyrå) Medlemane i Fortunsdalen Avløysarringen trivst og fleire av dei satsar friskt på jordbruksnæringa si. 

Dei ønskjer difor å kome i kontakt med ein person med interesse innan landbruk og relevant praksis. Den som søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og utdanning frå jordbruksskule er ein fordel, men ikkje noko krav. Søkjar vil få tilbod om eiga leiligheit.


Nærare opplysningar hjå Aud Fossøy, tlf. 57 68 13 95, aud.fossoy@n-lt.noeller Jan Norvald Steig, tlf. 913 61 687. Søknad med attestar og vitnemål skal sendast Landbrukstenester Sogn, pbk 157, 6866 Gaupne, innan 25. mars.