Ledig stilling

3 medlemer i Fjærland med mjølkeproduksjon i lausdrift søkjer etter ny avløysar i inntil 100% stilling frå 1.2.2015.

Me ønskjer å kome i kontakt med ein person med interesse og kunnskap innan mjølkeproduksjon og landbruk.

 

Landbrukstenester Sogn søkjer etter ny avløysar i inntil 100% stilling frå 1.februar 2015 til Optimisten Avløysarring. Avløysarringen har 3 medlemer med mjølkeproduksjon i lausdrift. Dei ønskjer å kome i kontakt med ein person med interesse og kunnskap innan mjølkeproduksjon og landbruk. Den som søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og ha relevant praksis. Utdanning frå jordbruksskule er ein fordel, men ikkje noko krav. Søkjar bør beherske eit skandinavisk språk skriftleg og munnleg. Ordna arbeidsforhold og tariffløn. Avløysarringen kan vere hjelpsame med å skaffe husvære i Fjærland.

Vi ønskjer ikkje kontakt frå rekrutteringsfirma i samband med denne annonsa.

Litt om Fjærland; Fjærland er ei bygd i Sogndal kommune med ca 300 innbyggjarar. Fjærland ligg mellom Fjærlandsfjorden og Jostedalsbreen.

Bygda har eigen Joker-butikk, barnehage og skule 1.-7. klasse, og er kjent for Norsk Bremuseum og Bokbyen. Jordbruk og turisme er dei viktigaste næringsvegane. Busette i Fjærland har markert seg med ståpåvilje og godt samhald. Det er eit aktivt jordbruksmiljø i Fjærland. Bygdafolket arrangerer t.d. sin eigen rundballefestival kvart 4.år. Lokalt er det gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Kommunesenteret Sogndal (35 km) er kjent som eit eldorado for fjellsports-ivrige med sine mange topptur-ruter både sommar og vinter. Høgskule med aktivt studentmiljø. Sjå http://www.fjaerland.origo.no/ for meir informasjon om bygda Fjærland.

Meir informasjon om stillinga:

Aud Fossøy, tlf. 909 62157, aud.fossoy@n-lt.no, http://www.landbrukstenester-sogn.no/ eller leiar i Optimisten avløysarring Ingunn Skeide, tlf. 95 18 49 69. Søknad med cv skal sendast Landbrukstenester Sogn, Pyramiden, 6868 Gaupne, snarast og innan 20. november 2014.

Krav til kompetanse

» Sertifikat: Førerkort: Kl. B (personbil/varebil), Førerkort: Kl. T (traktor)

» Praksis: Gårdsarbeid med mjølkeproduksjon

Søknadsfrist: 20.11.2014. Søknad med cv skal sendast på e-post til aud.fossoy@n-lt.no

» Språk: Norsk, Dansk, Islandsk eller Svensk