Ledig stilling

Stillinga som landbruksvikar i Vik er ledig for tilsetjing snarast.

Bøndene i Vik satsar friskt på jordbruket, og stillinga som landbruksvikar er difor utfordrande for rett person. Storleiken på gardsbruka varierer frå store mjølkebruk med mjølkerobot til mindre einingar. Dette gjer at arbeidsdagane blir varierte.

 Annonse 

Hovudoppgåva til Landbrukstenester Sogn er å skaffa bøndene arbeidshjelp slik at dei får nokolunde regelmessig fritid, avlasting i dei travlaste arbeidsperiodane og hjelp ved sjukdom.Landbrukstenester Sogn har landbruksvikarverksemd i Lærdal, Årdal, Aurland, Balestrand, Vik, Leikanger, Sogndal og Luster, for alle gardbrukane, både plante- og husdyrprodusentar. Laget har 700 avløysarar og 6 landbruksvikarar.   

LANDBRUKSVIKAR i Vik

1 stilling 

Stillinga som landbruksvikar i Vik er ledig for tilsetjing snarast. Me ønskjer oss personale med interesse og utdanning innan landbruk. Den som søkjer skal ta over alt husdyrstell når bonden er sjuk og må difor ha erfaring i fjøsarbeid både i moderne og eldre driftsbygningar. Det er naudsynt med god kunnskap i stell og bruk av landbruksreiskap. Søkjar må vere ansvarsbevisst, fleksibel og ha evne til god kommunikasjon. Landbruksvikaren må ha førarkort og vil få tilbod om firmabil. Særskild stillingsinstruks. Landbruksvikarane føl eigen lønnstariff, og reisetid i jobben blir rekna inn i arbeidstida. Frammøteplass blir bestemt i samråd med søkjar.  Pensjonsordning. 

Søknad med cv skal sendast Landbrukstenester Sogn, Pyramiden, 6868 Gaupne,

aud.fossoy@n-lt.no,  tlf. 909 62157,  innan 1.februar.