Ledig landbruksvikar

Akkurat no er dei fleste gardbrukarane i regionen rimeleg friske. Dette betyr at me har landbruksvikarane i deler av regionen ledige for oppdrag. No har me ledig kapasitat i Sogndal, Leikanger og Luster.De kan dermed tinge landbruksvikar til ordinær avløysing. Pris pr. dag alle utgifter inkludert kr 1 250. Ring kontoret 576 81395, eller Aud: mobil 917 76626.

Hugs at me treng å leige ut landbruksvikarane til vanleg avløysing for å ha finansiering til å ha ei beredskapsordning. Her må alle medlemer vise ansvar. No har me ledig kapasitat i Sogndal, Leikanger og Luster.

Luster: Jon-Trygve Sygnabere er ekstra flink med motorsag i tillegg til at han har lang erfaring som landbruksvikar.

Sogndal, Leikanger,Luster:
Janine Gulbrandsen er veldig glad i dyr og ønskjer all slags gardsarbeid.

Kåre Kvamme i Aurland, Årdal, Lærdal blir oppteken på eit gardsbruk framover, men røynd og fleksibel som han er blir det plass til andre bestillingar også.

Renate Rendedal i Balestrand
har full jobb i avløysarringen, men avtalen er at ho tek bestillingar på SJUKDOM når det er behov. Renate stortrivst i jobben, fortel ho.

Lærdal, Årdal, Aurland:
Hans Åretun Sand er nyss tilsett i vikariatet til Sølvi Wie. Han er for tida på opplæring i mjølking. Hans har sin styrke i bruk av motorsag og har i tillegg løyve til å køyre fleire typar gardsmaskiner. Ta kontakt for nærare informasjon.

Vik:
Tage Nondal har opparbeidd seg stor tillit mellom bøndene i Vik. No er han oppteken i minst 14 dagar på eit gardsbruk framover. Ta kontakt for bestillingar framover våren.