Landbruksvikarkurs på Sotra

Landbruksvikarkurs på Sotra 28.-30. august.

Kurset vart arrangert i samarbeid med NLT Hordaland, Sunnfjord Landbrukstenester, LT Folgefonna og Landbrukstenester Sogn. Kurset får økonomisk støtte frå Studieforbundet Næring og Samfunn.

 

Idylliske Panorama konferansehotell med flotte steinmurar inne og ute. 

Det var 45 deltakarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Buskerud.

Tema på kurset onsdag: Smittevern og dyrehelse, salmonella, karantenetid. 

Torsdag: Hygiene. Sporar i fjøset. Rutinar. Mjølkekvalitet, statistikk, betalingsregelverk.

Gruppearbeid: Normal åtferd hjå sau gjev lønsemd og trivsel. Nytt frå NLT.

Fredag: Landbruksvikarordninga, dyresjukdommar, verveaksjonen. Representant frå fylkesmannen i Hordaland deltok.

Torsdag kveld: Lagbygging. Tur for alle til Marstein fyr med fiskebåt.

 

Frå venstre: Romar Skeie Olsen og Frode Alfarnes, NLT. Kapteinen og mannskapet fortalde om området.

 Fiskebåten kom til kai og henta oss.

Frå venstre: Hege Våtevik frå Fjærland og Gunn  Hommedal Kvitne frå Vossestrand. Smilande landkrabbane som likar seg til sjøs.

 

   Frå venstre: Landbruksvikarar og administrasjon i god mix. Per Rondestveit, Anders Revheim, Tor Gunnar Hjortland, Gjermund Stuve  og Jorunn Åse Raknes. Foto til høgre: Vidar Torsvik som ser ut mot storhavet. Flott ver og god stemning på båten. 

 

  Frå venstre  Hans Sand og Mihai Dorian.  

  Landbruksvikar Dorian. Ein ivrig makrellfiskar.

Barske landbruksvikarar. Bading i sjøen (i mangel på fysiske aktivitetar…)

Quiss om kvelden med engasjerte deltakarar.