Landbrukstenester Sogn

Landbruksvikarane

Landbrukstenester Sogn har ansvaret for landbruksvikarane i regionen. Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Statsforvaltaren til beredskap.

Dei dagane det ikkje er sjukdom kan landbruksvikarane jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Me er avhengig av at de leiger det dyktige personalet vårt utanom sjukdom også!! Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida. Det er praktisk at landbruksvikaren kjenner litt til fjøsstyren viss ein er uheldig og hamnar på sjukehus.

Satsar: (alle kostnader inkludert; løn, feriepengar, arbgjevaravgift, køyring, forsikring)

Sjukdomsavløysing m.v.:    kr 1 670 + m.v.a. pr. dag

Sjukdomsavløysing etter 16 dagar: kr 1748 pr. dag
Anna avløysing, kvardag:    kr 1 908 + m.v.a. pr. dag
Anna avløysing, helg:           kr 2 500 + m.v.a. pr. dag

Bevegelege helgedagar:        kr 3 000 + m.v.a. pr. dag

Leige landbruksvikar: Oppdragsavtale

Tinging går direkte til kontoret, og vanlegvis i kontortida: tlf. 909 62157. Viss de blir sjuke utanom kontortida, mobil 917 76626, Aud.

Tage Nondal, (f.1984) Hafslo. Arbeidsområde: Luster og Sogndal. 100% stilling som landbruksvikar frå 01.01.2009. Tage er utdanna agronom og har erfaring som kommunal landbruksvikar i Vik. Han kan køyre alle slags traktorar. Tage har sprøytesertifikat, kurs i varme arbeid og motorsagkurs. Han har opparbeidd seg stor tillit mellom bøndene i Indre Sogn.  Tage vart årets avløysar i Norge i 2020:) Han er igang med maskinførarbevis.

Tlf: 992 27417
Han bur her: Nondal 10, 6869 Hafslo.


Line Illeman Gammelby Andreasen (f.1992) frå Danmark, bustad Kroken på sørsida av Lustrafjorden. Ho er utdanna pedagog, men har vokse opp med gardsdrift og dyrestell. Line er flink med dyr, får gode tilbakemeldingar. Har lært seg mjølking etter kvart. Yoga-instruktør. Tilsett hos oss frå 29.01.2021 som avløysar i Luster, deltid. 

Tlf.: 92 37 21 13
Ho bur her: Haukadal 91, 6876 Skjolden


Mantas Martusevicius (f.25.03.1981) frå Litauen er tilsett i 100 % stilling som landbruksvikar i Lærdal frå 01.11.2014.  Mantas snakkar norsk, kan og ta oppdrag med snikkering. Han har tømrarutdanning for dører og vindauge. Mantas har god erfaring med geitemjølking og dyrestell. Motorsagkurs.

Tlf.: 93 69 83 06
Han bur her: Vindhellavegen 480, 6888 Borgund


Jan Ove Fuglesteg (f.15.08.1972) busett i Fortun, tilsett som landbruksvikar i Luster frå 01.01.2014. Han er utdanna industrimekanikar med fagbrev og har praksis frå jordbruket som bonde i mange år. Maskinførarbevis for hjullastar og gravemaskin. Jan Ove er flink til å reparere landbruksmaskiner og kan køyre alle slags traktorar. Han er allsidig, positiv og tek på seg varierte oppdrag. Motorsagkurs. Sprøytesertifikat. Kurs i varme arbeid. HMS-kurs.

Tlf.: 976 80 214
Han bur her: Fortunsdalen 549, 6877 Fortun


Knut Magne Dale (f.12.03.56) er tilsett som landbruksvikar i Vik frå 20.06.2020  i 25 % stilling. Han har Utdanning som seminteknikar ved NMBU Hamar i regi av Geno og har jobb som inseminør i området. Tidlegare dagleg leiar i Arnafjord samdrift og lang erfaring som gardbrukar med mjølkeproduksjon og sau. Knut Magne har sveinebrev i tømrarfaget, har vore snikkar i 30 år. Sprøytesertifikat. Han tek oppdrag som landbruksvikar i partalsveker og i helgar. Knut Magne kan køyre alle slags traktorar.

Tlf.: 917 10 568
Han bur her: Dalavegen 230, 6893 Vik i Sogn


Andreas Kvalheim (f.: 30.05.1990)    vart tilsett som landbruksvikar i Sogndal 19.03.2021. Han er ein vaksen kar som likar praktisk arbeid. I 10 år har han jobba som tømrar, utdanning frå Førde tekniske fagskule, teknikk og industriell produksjon. Andreas har vore på opplæring i mjølking hjå ulike bønder våren 2021.  Han har kurs i stillas og fallsikring og motorsagkurs. 

Tlf.: 92 35 13 36
Han bur her: Mundalsvegen 24, 6848 Fjærland


Karina Stormyr ( f.:06.11.1993)  er tilsett som landbruksvikar i Vik frå 25.10.2018. Ho har teke utdanning som agronom for vaksne (ferdig våren 2021) naturbruk. Motorsagkurs og sprøytesertifikat. Har erfaring med sau, storfe og hest. Karina har drive med saueklipping og sortering av ull.  Ho er fysisk sterk og likar praktisk arbeid.

Tlf.: 91 13 82 15
Ho bur her: Åsevegen 26, 06893 Vik i Sogn

 

Praktisk info her til deg som vil leige landbruksvikar:
Leige landbruksvikar LT Sogn

Sogn og Fjordane fekk tildelt 18,65 årsverk i 2019.

Landbruksdirektoratet:
«Den nye landbruksvikarordningen er landsdekkende Ordningen med landbruksvikarer ansatt i avløserlagene som ble iverksatt 1. januar 2008 er nå landsdekkende. Foreløpig rapportering for landbruksvikarvirksomheten i avløserlagene viser at bønder i de aller fleste kommunene i landet har tilgang på landbruksvikar. Statens landbruksforvaltning har fordelt 240 årsverk til landbruksvikarstillinger på fylkene. Fylkene har deretter fordelt sitt antall årsverk på avløserlagene i området.