Landbrukstenester Sogn

Landbruksvikar

Landbrukstenester Sogn har ansvaret for landbruksvikarane i regionen. Målet er at alle gardbrukarane skal få arbeidshjelp ved akutt sjukdom. Me har allereie teke imot tilskot frå Statsforvaltaren til beredskap.

Dei dagane det ikkje er sjukdom kan landbruksvikarane jobbe for dykk som avløysar, og de kan nytte avløysartilskotet til å dekke kostnadane. Me er avhengig av at de leiger det dyktige personalet vårt utanom sjukdom også!! Arbeidstida er 7,5 t pr. dag og køyring inngår i arbeidstida. Det er praktisk at landbruksvikaren kjenner litt til fjøsstyren viss ein er uheldig og hamnar på sjukehus.

Nye satsar frå 1. april 2022: Kostnader som er inkludert; løn, feriepengar, arbeidsgjevaravgift, køyring, forsikring og obligatorisk tenestepensjon. Mva kjem i tillegg. 

Sjukdomsavløysing m.v.:     kr 242 per time 
Sjukdomsavløysing etter 16 dagar:  kr 252 per time 
Anna avløysing, kvardag:    kr 273 per time
Anna avløysing, helg:            kr 352 per time
Bevegelege helgedagar:         kr 419 per time

Leige landbruksvikar: Oppdragsavtale

Praktisk info her til deg som vil leige landbruksvikar: Leige landbruksvikar LT Sogn

Vestland fekk tildelt 39 årsverk i 2022. som tilsvarar kr 11 072 100.  Landbrukstenester Sogn fekk 5,5 årsverk kr 1 562 450.

Tinging går direkte til kontoret, og vanlegvis i kontortida: tlf. 909 62157. Viss de blir sjuke utanom kontortida, mobil 917 76626, Aud.

Landbruksvikarane våre

Tage Nondal, (f.1984) Hafslo. Arbeidsområde: Luster og Sogndal. 100% stilling som landbruksvikar frå 01.01.2009. Tage er utdanna agronom og har erfaring som kommunal landbruksvikar i Vik.

Han kan køyre alle slags traktorar. Tage har sprøytesertifikat, kurs i varme arbeid og motorsagkurs. Han har opparbeidd seg stor tillit mellom bøndene i Indre Sogn.  Tage vart kåra til årets avløysar i Norge i 2020:) Han er i gang med maskinførarbevis.

Tlf: 992 27417

Line Illeman Gammelby  (f.1992) frå Danmark, bustad Kroken på sørsida av Lustrafjorden. Ho er utdanna pedagog, men har vokse opp med gardsdrift og dyrestell. 

Line er flink med dyr og får gode tilbakemeldingar. Ho har lært seg mjølking etter kvart og tek alle oppdrag med iver og glød. Yoga-instruktør. Tilsett hos oss frå 29.01.2021 som avløysar i Luster, deltid. 

Tlf.: 92 37 21 13

Mantas Martusevicius (f.25.03.1981) frå Litauen er tilsett i 100 % stilling som landbruksvikar i Lærdal, Årdal og Aurland frå 01.11.2014.  Mantas snakkar bra norsk, kan og ta oppdrag med snikkering. Han har tømrarutdanning for dører og vindauge. 

Mantas har god erfaring med geitemjølking og flink med dyrestell. Motorsagkurs.

Tlf.: 93 69 83 06

Jan Ove Fuglesteg (f.15.08.1972) busett i Fortun, tilsett som landbruksvikar i Luster frå 01.01.2014. Han er utdanna industrimekanikar med fagbrev og har praksis frå jordbruket som bonde i mange år.  

Jan Ove er flink til å reparere landbruksmaskiner og kan køyre alle slags traktorar. Han er allsidig, positiv og tek på seg varierte oppdrag. Motorsagkurs. Sprøytesertifikat. Kurs i varme arbeid. HMS-kurs. Maskinførarbevis for hjullastar og gravemaskin. 

Tlf.: 976 80 214

Knut Magne Dale (f.12.03.56) er tilsett som landbruksvikar i Vik frå 20.06.2020  i 25 % stilling. Han har Utdanning som seminteknikar ved NMBU Hamar i regi av Geno og har jobb som inseminør i området. Tidlegare dagleg leiar i Arnafjord samdrift og lang erfaring som gardbrukar med mjølkeproduksjon og sau.

Knut Magne har sveinebrev i tømrarfaget, har vore snikkar i 30 år. Sprøytesertifikat. Han tek oppdrag som landbruksvikar i partalsveker og i helgar. Knut Magne kan køyre alle slags traktorar.

Tlf.: 917 10 568

Andreas Kvalheim (f.: 30.05.1990) vart tilsett som landbruksvikar i Sogndal 19.03.2021. Han er ein vaksen kar som likar praktisk arbeid. I 10 år har han jobba som tømrar, utdanning frå Førde tekniske fagskule, teknikk og industriell produksjon.

Andreas har vore på opplæring i mjølking hjå ulike bønder våren 2021. Han har kurs i stillas og fallsikring. Motorsagkurs. 

Tlf.: 92 35 13 36

Karina Stormyr ( f.:06.11.1993)  er tilsett som landbruksvikar på deltid i Vik frå 25.10.2018. Ho har teke utdanning som agronom for vaksne (ferdig våren 2021) naturbruk. Motorsagkurs og sprøytesertifikat. Karina tek oppdrag både i robotfjøs og båsfjøs.

 Ho er fysisk sterk og likar praktisk arbeid.

Tlf.: 91 13 82 15

Landbruksdirektoratet:

«Den nye landbruksvikarordningen er landsdekkende Ordningen med landbruksvikarer ansatt i avløserlagene som ble iverksatt 1. januar 2008 er nå landsdekkende. Foreløpig rapportering for landbruksvikarvirksomheten i avløserlagene viser at bønder i de aller fleste kommunene i landet har tilgang på landbruksvikar. Statens landbruksforvaltning har fordelt 240 årsverk til landbruksvikarstillinger på fylkene. Fylkene har deretter fordelt sitt antall årsverk på avløserlagene i området.»