Kurs for tilsette

Vertskapet: Linda og Atle Henning Lunde. Atle starta «Tigeren» frå den store motorsagsamlinga. Den brumma fint!
Landbruksvikarar og avløysarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland var på kurs på Skei 26.-28. august.
Fyrste dagen var me på fjøsbesøk i Stardalen hjå Marit Flatjord. Ho fortalde om samdrifta deira. Den vart driven av 5 bønder. Me fekk sjå mjølkeroboten og fornøgde kyr i lausdrift.
Teoridel om taparkyr onsdag med Grete Jørgensen frå Bioforsk på Tjøtta. Ho fortalde om forsking på mjølkemengde når kyr gjekk inne eller ute.
Onsdag vart det lagbygging på Lunde med mange fysiske utfordringar: Mjølkespannkast, jurklutkast, laserskyting på leirduer, øksekast, bogeskyting. Til slutt laut me prøve å ri på rodeo-oksen. Det var ikkje lett. Verten Atle Henning Lunde hadde og ei flott samling gamle motorsager. Han starta opp «Tigeren», så me fekk høyre det var liv i den!
På Lunde hadde dei flott serveringslokale, eit gammalt grindbygg, som var fint restaurert.
Torsdag kom Kolbjørn Taklo med foredrag om internkontroll og risikovurdering. Dette er viktige tema å oppdatere seg på.
Mange blide kursdeltakarar etter eit vellukka kurs.
Kursansvarlege var Landbrukstenester Folgefonna, NLT Voss, NLT Hordaland og NLT Sunnfjord.
Studieforbundet Næring og Samfunn gav støtte til kurset.