Kongens fortenestemedalje

Kongens Fortenestemedalje i sølv vart  overrekt Trygve Fredheim 11.nov. på Gardermoen. Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, overrekte medaljen under haustsamlinga til Norske Landbrukstenester. Vel 170 personar var tilstades under utdelinga, heidersmannen sjølv var heilt uvitande om hendinga og vart særs overraska.

Trygve Fredheim har først og fremst gjort ein stor innsats for utvikling av avløysarordninga i Noreg. Han har, sidan han vart tilsett som dagleg leiar i Kvinnherad Avløysarlag 1. juli 1983, arbeida for å utvikle og tilpasse avløysarordningane til det beste for den norske bonde. Frå 1. mai 1991 og fram til 1. september 2007 har Trygve i tillegg også vore tilsett som dagleg leiar i Norske Landbrukstenester (NLT), som er ein medlems-/interesseorganisasjon for alle avløysarlag i Noreg. Hovudformålet til NLT er å legga til rette for gode velferdsordningar i landbruket slik at bonden er sikra ferie/fritid og beredskap under sjukdom.  Utanom arbeidslivet har Trygve vert ein pådrivar i lokalsamfunnet. Då han budde i Uskedalen var han engasjert i lagslivet der, ikkje minst i musikklaget, der han spela stortromme. Reiste også og spelte til dans før denne perioden.  

  

Ordførar i Kvinnherad, Synnøve Solbakken, og Trygve fredheim med frue kosar seg med flott kake etter medaljeoverrekkinga.