Kaffibesøk
Hyggeleg når landbruksvikaren, Jacob, kjem innom for å fornye kontrakten og har med heimelaga sjokoladekake.
Me har diskutert landbruksvikarordninga og Jacob fortel at slike gode ordningar for bonden har ein ikkje i heimlandet, Sverige. Bonden må gjerne bli betre å dyrke jorda, meiner Jacob. Med godt grovfor kan bonden spare på kraftforutgiftene.
Og Jacob vil gjerne kjøpe seg eit gardsbruk, fortel han.
Me i Landbrukstenester Sogn vil fyrst og fremst at han held fram med det gode arbeidet i Vik 🙂