Jobb som avløysar, stilling ledig

Fire gardsbruk i Fjærland søkjer etter ny avløysar.  Dei glade bøndene kallar seg Optimisten Avløysarring. Avløysaren som er tilsett skal ta vidareutdanning.

AVLØYSAR

Landbrukstenester Sogn søkjer etter ny avløysar i Fjærland, inntil 100% stilling, frå 1. august.Optimisten Avløysarring har 4 medlemer med mjølkeproduksjon i moderne driftsanlegg. Dei ønskjer å kome i kontakt med ein person med interesse innan landbruk og relevant praksis. Den som søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og utdanning frå jordbruksskule er ein fordel, men ikkje noko krav. Ordna arbeidsforhold og tariffløn.Busette i Fjærland har markert seg med ståpåvilje for bygda si og godt samhald. Det aktive jordbruksmiljøet gjer stillinga som avløysar attraktiv. Gode moglegheiter for friluftsliv, jakt og fiske. Sjå  www.fjaerland.origo.no for meir informasjon om bygda.Nærare opplysningar hjå Ivar Supphellen, tlf. 90 19 72 76. Aud Fossøy, tlf. 57 68 13 95, aud.fossoy@n-lt.no,  Søknad med cv skal sendast Landbrukstenester Sogn, pbk 157, 6866 Gaupne, innan 10. mai.