Info

For medlemer i Leikanger og Balestrand blir medlemskapen i Landbrukstenester Sogn noko ulik driftsforma dei har hatt tidlegare. Landbrukstenester har arbeidsgjevaransvar for alle tilsette. Det er derimot framleis bonden som har ansvar for HMS på sin gard.

Det blir viktig for oss i administrasjonen å oppretthalde den gode kontakten me har hatt med både medlemer og avløysarar. Når det gjeld Leikanger og Balestrand vonar me å bli kjende med dykk etter kvart.


Ledige avløysarar


Hovudoppgåva til Landbrukstenester er å skaffe avløysar til ferie og fritid samt sjukdom. Me ønskjer å registrere dei avløysarane som eventuelt er interessert i å jobbe meir enn dei gjere i dag og rekruttere nye. Dette ber me om at de hjelper oss med. Dette gjeld spesielt Leikanger og Balestrand.




Slik som avløysarsituasjonen i regionen er no er det balanse mellom tilbod og etterspurnad. Alle medlemer som vil ha arbeidshjelp må difor melde frå til administrasjonen dersom me skal rekruttere meir arbeidskraft.