Landbrukstenester Sogn

Info september

INFORMASJON                             

Ferieavvikling: Det er ferieavvikling på kontoret frå og med onsdag 21. september til og med måndag 26. september. I denne perioden vil vår gode kollega i Sunnfjord svare på spørsmål.

Solveig er diverre sjukmeldt akkurat no.  

Telefonen vår 909 62157 blir kopla til NLT Sunnfjord. Der blir det Kari Stokkebekk som hjelper deg. Ho har tilgang til vår database og kan svare dykk på spørsmål og forlenge og setje oppdrag. Dei har same dataverktøy som oss – Webtemp.

I tillegg er styreleiar, Jon O. Nummedal tilgjengeleg dersom de har bruk for ein samtale eller vil gje ein beskjed. Han har tlf. 481 05377.

Vakttelefon i helga,  blir landbruksvikar, Jan Ove Fuglesteg tlf. 976 80214. Han kan kome på kort varsel viss det blir eit akuttoppdrag.

Ordinær vakttelefon 917 76626 kan ikkje brukast i tidsrommet 21.-26.9.22

E-post blir lese og behandla frå 27.9.22.

 

Me har relativt bra med vikarar for tida. Tage Nondal er klar til jobb igjen etter 3 månader med foreldrepermisjon og heile landbruksvikarstaben er komplett.

Landbruksvikarane våre:  Tage Nondal, Jan Ove Fuglesteg, Mantas Martusevicius, Andreas Morken Kvalheim, Karina Stormyr og  Knut Magne Dale.   Dei er alle klare til nye oppdrag i sine område.  Sjukdomsavløysing og akuttoppdrag blir prioritert, men heldigvis er det råd å leige vikarane til ordinære oppdrag, ogso.   Send oss eit spørsmål og du vil få svar.

Timelister:  Me har utlønning to gonger per månad. Innleveringsfristen er den 30.-31. i kvar månad.  Fast utlønningsdato er den 7. kvar månad etterskotsvis og i tillegg mellom 20.-25. kvar  mnd.