info januar 2010
INFO januar 2010
13. januar 2010
Til aktive medlemer
Årsoppgåve 2009
Søknadsskjema:
» Produksjonstilskot i jordbruket og
tilskot til avløysing ved ferie og fritid, s. 5, søknadsfrist 20. januar.
Beløpet som skal skrivast inn i skjema står nedst på årsoppgåva 2009 (vedlagt): «Søknadsgrunnlag ferie/fritidsdavløysing» kr …
Beløpet skal skrivast inn på skjema etter namn og organisasjonsnummer Landbrukstenester Sogn, org.nr 971 364 041 beløp ….
Landbrukstenester Sogn sender datafil til i Fylkesmannen med beløp til dokumentasjon. Namn og fødselsdato på avløysar skal difor ikkje skrivast på skjema.
Alle tilsette får tilsendt lønns- og trekkoppgåve.
Merk at avløysartilskotet auka med 4 % sist år og at det difor blir meir forskottering for dykk. Landbrukstenester Sogn er momspliktig.
Det er sjølvsagt beklageleg at alle må vente til juni-2010 før avløysartilskotet 2009 blir utbetalt. Produksjonstilskot og avløysartilskot blir utbetalt samla frå Statens Landbruksforvaltning (SLF).
Endra arbeidsgjevaravgift frå 2010
Henta frå www.skatteetaten.no
» Virksomheter som driver med arbeidsutleie skal legge til grunn avgiftssatsen i den sonen hvor den utleide arbeidstakeren har utført sitt arbeid, for de lønnskostnadene som knytter seg til dette arbeidet, forutsatt at nevnte arbeid utgjør hoveddelen av arbeidstakerens arbeid i avgiftsterminen.
Endringen kommer som følge av at det er avdekket uønsket tilpasning til regelverket for denne typen virksomhet.»
I praksis betyr dette at arbeidsgjevaravgifta for leigd hjelp i Sogndal blir endra frå sone 2 til 1a, medan regionen vår elles får uendra arbeidsgjevaravgift.
Landbruksvikarane (LV)
Når ein person i føretaket er sjukmeld har han/ho rett til landbruksvikar. Det kan søkjast om å få utgiftene til landbruksvikar/avløysar dekka på eige skjema SLF-151N (max. Tilskot kr 1200 pr. dag). Medlem i føretaket må ha næringsinntekt større enn ½ G.
Velferdsordninga i jordbruket omfattar i tillegg til sjukdom og ferie-avløysing ogso avløysing ved svangerskap og fødsel, sjuke barn m.m. Regelverk kan de lese på www.slf.no
Akutt sjukdom HELG OG KVELD: Ring mobil Aud Fossøy, 917 76726 eller
mobil Solveig Sperle 994 66812.
I periodar kan landbruksvikarane vere ledige til vanleg ferie og fritidsavløysing, til innhausting i vekstsesongen, til ekstrahjelp ved vedlikehald på bygningar m.v. De bestiller direkte til oss i administrasjonen.
Alle landbruksvikarane våre har etter kvart veldig god erfaring, og dei har god trening i å overta ansvar for alt dyrestell i fjøset. Hugs på at dei ønskjer å gjere ein best muleg jobb for dykk og at god informasjon på «fjøstavla» er helt avgjerande i so måte. Skriftleg informasjon må vere oppdatert.
Leige av landbruksvikar.
Nye takstar 2010, pr. dag og alle utgifter inkludert:
Sjukdom: kr 1 200 + mva
Ferie: kr 1 330 + mva
Helg: kr 1 590 + mva
Det er høve til å leige halve dagar.
Kåre Kvamme og Hans Sand har beredskap i område Årdal, Lærdal og Aurland.
Jon-Trygve Sygnabere og Janine Gulbrandsen samarbeider i Luster, Sogndal og Leikanger.
Renate Rendedal og Tage Nondal har høvevis Balestrand og Vik som sitt arbeidsområde. Dei samarbeider over kommunegrensene ved behov.
I tillegg har me avtalar med nokre studentar i Sogndal og andre deltidsavløysarar frå andre distrikt som tek oppdrag etter bestilling. Ta kontakt med oss i administrasjonen.
Med helsing
Aud Fossøy
Dagleg leiar
Vedlegg: Årsoppgåve og medlemsoppgåve