Hugs å levere søknad

Ny søknadsomgang produksjonstilskot mai 2017
Hugs neste søknadsfrist for produksjonstilskot i jordbruket som er 15.mai 2017.
Frå søknadsomgangen i mai 2017 kan søknaden berre leverast elektronisk via Altinn. Ta kontakt med landbrukskontoret for hjelp til å senda inn elektronisk søknad. Hugs å ta med påloggingsinformasjon til Altinn. (td MinID eller Bank-id).


Dette er fyrste søknadsomgangen i det nye systemet eStil PT, so ver ute i god tid med å levera søknaden din. Du må oppgje anten e-post eller mobilnummer for å få sendt inn søknaden. Det er viktig at du trykker på ”kontroll søknad” og ”send søknad” for at den skal bli innsendt.
Viktige datoar for søknadsomgangen i mai 2017: – 1.mai som er teljedato – 15.mai søknadsfrist – 29.mai frist for å etterregistrera/korrigera opplysingar i innsendt søknad.


Det er berre dei med husdyrproduksjon som skal søkja no i mai, og då på det antal dyr føretaket disponerer på teljedato 1.mai.
Søknadsfristen 15.mai er absolutt, men det vil vera mogleg å endra opplysingar 14 dagar etter fristen utan trekk i innlevert søknad. Få registrert søknaden din innan 15.mai, so kan du heller gå inn å korrigera opplysingar i etterkant.


Det vert ikkje lenger sendt informasjon i posten. All kommunikasjon går no via meldingsboksen i Altinn. Søknadsskjemaet finn du på www.landbruksdirektoratet.no eller på www.altinn.no Aktuell informasjon om søknadsomgangen mai 2017 finn du på Landbruksdirektoratet sine sider her. Søkjar er sjølv pliktig å setta seg inn i gjeldande regelverk.

 

Ny nettside til hjelp for deg som er ny bonde eller skogbrukar
Landbruksdirektoratet har laga til ei eiga nettside der dei har samla relevant informasjon for nye bønder og skogbrukarar. Her det mykje nyttig informasjon samla på ein plass.
Sjå nyheit på Landbruksdirektoratet si heimeside

Saksa frå LANDBRUKSINFORMASJON FOR AURLAND, LÆRDAL OG ÅRDAL