Heider og ære

Jon-Trygve Sygnabere sluttar som landbruksvikar etter 19 år i teneste. Han fekk krystallvase og blomar på årsmøte den 26. mars.

Heider for lang og tru teneste:

Jon-Trygve Sygnabere sluttar som landbruksvikar etter 19 år i teneste. Det har alltid vore lett å gje Jon-Trygve oppdrag. Han meistrar og har god kunnskap om alt gardsarbeid og i tillegg er han ein god menneskekjennar. Og lang erfaring som landbruksvikar kjem godt til nytte når han no har valt å drive gard, både med sau og mjølkekyr, på Joranger i lag med familien sin. Me ønskjer han lukke til og takkar for godt utført arbeid.