Gjestearbeidarar frå EØS
Alle må ha arbeidsavtale og skattekort.
ID-kontroll.
Sesongarbeidarar – utanlandske
Gjestearbeidarar frå EU/EØS- område.
– korttidsoppdrag
Desse reglane gjeld i år for EØS-borgar:
Den utanlandske arbeidaren må ha:
1. Arbeidsavtale.
2. Søkje om skattekort, RF 1209. http://www.skatteetaten.no/no/Skjemaer/Skattekort-for-utenlandske-borgere/Skjema skal fyllast ut på førehand, blokkbokstavar.
3. ID-kontroll, dersom det ikkje vart utført i 2011, på Skatt Vest, Fossetunet 1, Sogndal. Ta med pass og arbeidsavtale. Personleg frammøte.
4. Sesongarbeidarar med godkjent ID-kontroll i 2011 treng ikkje ny ID-kontroll i 2012.
5. Ved arbeidsoppdrag lengre enn 3 månader skal ein ha registreringsbevis frå politiet. Registrering på www.udi.no Gje opp oppmøtestad. Booke time på nettet. Registreringsbeviset er gyldig på ubestemt tid og skal ikkje fornyast.