Forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd

Forskrifta er klar.2008 er overgangsår for kommunar med landbruks-vikarteneste. Difor skal alle bestille landbruksvikar hjå kommunane til de får anna melding.

Forskrift om tilskot til landbruksvikarverksemd


 


Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 19. oktober 2007 med heimel i lov av 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 18 og etter samråd med Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag.


 


 


§ 1. Føremål


     Tilskotet skal bidra til å sikre at føretak med husdyr- og planteproduksjon får tilgang på kvalifisert hjelp til avløysing ved sjukdom og i krisesituasjonar.


 


§ 2. Bruk av landbruksvikar


     Avløysarlaga skal ved sjukdom og i krisesituasjonar yte hjelp til føretak med husdyr- og planteproduksjon, som har rett på tilskot til avløysing ved sjukdom mv., jf. forskrift 8. november 2006 nr. 1227 om tilskot til avløysing. Dersom landbruksvikaren ikkje nyttast i slik samanheng, kan vikaren nyttast til annan avløysing.


Avløysarlag som mottek tilskot til landbruksvikarverksemd pliktar innanfor sitt geografiske ansvarsområde, fastsett av fylkesmannen etter samråd med avløysarlaga, å ha tilstrekkeleg landbruksvikarberedskap tilgjengeleg.


     Den maksimale dagsatsen som føretaket skal betale ved bruk av landbruksvikar ved sjukdom og i krisesituasjonar, skal ikkje vere større enn den maksimale dagsatsen for refusjon ved avløysing ved sjukdom.


         


§ 3. Søknad og rapportering


     Søknadsskjema og rapporteringsskjema vert fastsett av Statens landbruksforvaltning.


     Søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd for kommande år skal sendast fylkesmannen innan 1. oktober, eller nærare fastsett frist av Statens landbruksforvaltning. Rapport om landbruksvikarverksemda for føregåande år skal sendast fylkesmannen innan 1. februar.


 


§ 4. Tilskot


     Tilskotet vert gjeve som eit forskotsvis beløp til avløysarlag etter søknad om tilskot til landbruksvikarverksemd. Tilskotet, og kor stor del av dette som kan nyttast av avløysarlaget til administrasjon, opplæring mm., vert utrekna med grunnlag i føresegner fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.


 


§ 5. Administrasjon, dispensasjon og klage 


Vedtak om tilskot etter denne forskrifta gjerast av fylkesmannen.      


Fylkesmannen kan gi dispensasjon frå denne forskrifta når særlege grunnar talar for det.


      Vedtak som er fatta i medhald av forskrifta kan påklagast til Statens landbruksforvaltning.


 


§ 6. Opplysningsplikt og kontroll


     Avløysarlag som mottek tilskot etter denne forskrifta er pliktig til å gje alle nødvendige opplysningar som fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning krev.                                                                                                                                                                                                                                                                                             


     Fylkesmannen og Statens landbruksforvaltning kontrollerar at utbetaling av tilskot etter denne forskrifta er rett, og kan foreta stadleg kontroll hos avløysarlag som mottek tilskot. Avløysarlaget pliktar å medverke ved slik kontroll.


 


      


§ 7. Avkorting av tilskotet mv.


Ved brot på føresegner i denne forskrifta kan heile eller deler av tilskotet krevjast tilbake. Ved gjentatte brot kan avløysarlaga miste retten til å motta tilskot.


For mykje utbetalt tilskot kan krevjast tilbake eller motreknast i seinare utbetalingar av tilskot.


     Dersom søknaden eller rapportering om tilskot er sendt inn for seint eller inneheld urette opplysningar, kan tilskotet verte avkorta eller utbetaling avslått.


     Det kan krevjast forseinkingsrente i medhald av lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling mm. for det beløp som krevjast tilbakebetalt.


 


§ 8. Ikraftsetjing


       Forskrifta gjeld frå 1. januar 2008.