Landbrukstenester Sogn

Forsikring


Landbrukstenester Sogn har kjøpt desse forsikringane

 FOR AVLØYSARANE OG LANDBRUKSVIKARANE:

  • Ansvarsforsikring 
  • Yrkesskadeforsikring (YS), lovpålagt
  • OTP (Obligatorisk tenestepensjon) frå DNB
  • Helseforsikring i Vertikal for dei faste landbruksvikarane
  • Ulykke fritid for dei fast tilsette

 

NLT sine forsikringar er kjøpt hos Landkreditt AS. 

FOR LAGET:

Formuetapsforsikring
Reiseforsikring for administrasjon

Bilforsikring på laget sine leasingbilar (4 stk)

Kriminalitetsforsikring

FOR STYRET:

Styreansvarforsikring

 

Les meir om Helseforsikring her:



» Brosjyre/Bestillingsskjema ansatte for utskrift
» Brosjyre/Bestillingsskjema medlem for utskrift
Norske Landbrukstenester har i samarbeid med Vertikal Helseassistanse, arbeidd fram eit godt tilbod på helseforsikring for alle som er tilknytt Norske Landbrukstenester. Vi meiner dette er eit gode både for arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Få ned sjukefråværet
Helseforsikringa er eit produkt vi har gått inn på med omsyn til sjukefråvær. Det viser seg at arbeidstakarar som har ei slik forsikring kjem raskare tilbake i arbeid etter sjukdom.

 

Vi meiner dette er ei god forsikring til ein særs gunstig pris. Vertikal er eit selskap som var eit av dei fyrste med denne forsikringstypen, og har vore på marknaden med helseforsikring sidan 1998. Dette gjer at vi er trygge på at vi har valt ein leverandør som er sikker og har erfaring.

 

Vertikal krev ingen helseattest, og det er heller ingen skilnad på pris i høve alder og kjønn.

 

Kollektiv ordning
Dei som kan vere med i ei kollektiv ordning er dei tilsette som har fast stilling med kontrakt.

 

Fordel for arbeidstakar som er med i kollektiv ordning
Fordelen for dei som går inn kollektivt er at dei vil ha 5 timar med fysioterapi, kiropraktor m.m. utan å først bli tilvist til spesialist. Dersom ein ikkje er bra etter dei 5 timane skal ein til lege og bli tilvist vidare til spesialist. Viser det seg då at spesialisten meiner at ein skal halde fram behandlinga, så har ein ugrensa timar med behandling.

 

Reservasjonsrett
Betyr at alle medlemslaga i utgangspunktet er med kollektivt, men kan gje melding til oss om at dei ikkje er interessert i å vera med.

 

Dersom nokon av dei tilsette vel å ikkje vera med er det fullt mogleg å reservera seg. Laget kan likevel gå inn kollektivt med dei som ynskjer det, om det så berre er ein person.

 

Tilbod også til alle andre med tilknyting til laget
Alle deltidstilsette og bønder som er medlemer i eit avløysarlag/landbruksteneste kan tinga helseforsikring. Alle som er med i ordninga, og dei som er kollektivt meldt inn, kan forsikre familiemedlemer til same pris.
For desse gjeld ikkje dei 5 timane med fysioterapi, kiropraktor m.m, utan å først bli tilvist til spesialist.

 

Pris
Vår pris er kr 1490,- pr. år uansett alder.
Prisen er lik uansett om ein går inn kollektivt eller ikkje. I tillegg kan ein teikne forsikring på barn til kr 840,-

 

Betaling
Betalinga skjer samla frå kvart lag av dei kollektivt innmelde. Alt utanom vil bli fakturert direkte til den forsikra.

NB! Produktoversikta du er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår.

Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 97 11 30 74

Selskap: Vertikal Helseassistanse AS