Fjærland og Kaupanger

Fjærland Bygdalag har gjennomført motorsagkurs 16.-18.april. Landbrukstenester Sogn hadde og kurs for landbruksvikarane og andre interesserte om vindfelt skog om kvelden.

Landbruksvikar Scott MacLean frå Canada arbeider i Sogndal og Luster. Han har delteke på begge kursa. Etter at han kjøpte seg ny motorsag var han ivrig etter å lære å handtere verktøyet. I ny sagbukse og blank hjelm følgde han nøye med på undervisninga. Det er viktig at våre tilsette arbeider trygt i skogen og kan dokumenter at dei har gått på kurs. Arnt Laukeland frå skogbrukets kursinstitutt instruerer. Han har hatt ei travel tid med svært mange kurs etter Dagmar-stormen. 

Scott fortel at han har lært det grunnleggande med bruk og stell av motorsaga. Vidare har dei fått praktisert trefelling ute i skogen. Laukeland har og undervist i trygg felling av vindfelt skog, korleis ta spennet av treet og kapping på ein trygg måte for å unngå å skade seg sjølv. Han viste og korleis ein kan juster saga m.o.t. turtal og akselerasjon.

Det vert fleire kurs i april i Luster og i mai i Fjærland. Ta kontakt med Landbrukstenester Sogn eller skogbrukssjefen i Luster, Arne Kristian Borger.