Landbrukstenester Sogn

Fagbrev i landbruket

Leiar i Bondebladet 22.04.22:

Rettferdig betaling og gode velferdsordningar er heilt avgjerande for å få unge til å satse på ei framtid i landbruket. For å rekruttere nye krefter, trengst også eit godt og grunnleggjande utdanningstilbod.

I andre næringar er fagbrevet det papiret som viser at du har fullført læretida og bestått fagprøven. Dette er eit kvalitetsstempel på kompetanse, og ein dokumentasjon som stadig fleire arbeidsgjevarar krev.

Det same gjeld i landbruket. Bondelaget og Fagleg råd for naturbruk (FRNA) går no inn for at landbruket følgjer hovudmodellen i yrkesfagopplæringa, med to år i skule og to år i bedrift. Dei har sendt si anbefaling vidare til Utdanningsdirektoratet, som vil følgje opp saka.

Her kan du lese om arbeidet for fagbrev i landbruket