E-postadresse

Styret har ønskje om at alle medlemer som brukar e-posten sin aktivt sender e-postadressa si til Landbrukstenester. De blir med i ein konkurranse om ein kjeledress med logo, Landbrukstenester Sogn, og 3 gåvekort verdi kr 500 frå maskinfirma i regionen. Trekninga skjer den 15. februar. De kan sende e-post til oss frå «Kontakt oss».

Fordelen med e-post er at me kan spreie viktig informasjon fort og ofte. Landbrukstenester har personar som melder seg ledige til å ta avløysing. Dette er kjempeflott, men det skjer diverre litt for ofte at me ikkje har oppdrag. Når ein til tider får høyre at det er vanskeleg å for bonden å ta fri blir dette heilt feil i våre auge. Dei personane som melder seg ledige til oss har som regel erfaring med dyr og har mjølka kyr tidlegare og er dermed godt kvalifiserte til å arbeide for dykk. Bruk avløysarane våre til å få meir ordna fritid.
E-post blir svart på kvar dag.
Sjølv om de skal ta imot informasjon på e-post kjem de og til å få brev i posten når medlemsoppgåve og timelister skal sendast ut.