Avløysartilskotet blir straks utbetalt

Landbrukstenester Sogn har motteke lister over tilskot som skal utbetalast til medlemer i regionen, samla sum kr 11, 6 mill. Tilskotet blir godskrive dykk i vårt rekneskap og medlemsoppgåve blir sendt ut pr. post, sannsynlegvis i veke 25. Den 20. juni blir det også utbetalt feriepengar til våre tilsette.

Avløysartilskotet blir berre utbetalt ein gong pr. år.  Difor må bonden forskottere utgifter til avløysing opp til 18 mnd. (dei som leiger avløysar i januar). Dette er alt for dårleg meiner me i administrasjonen, og faglaga er samde. Kravet om fleire utbetalingar må difor takast opp på nytt ved jordbruksforhandlingane neste år. Garbrukarane må bruke faglaga for å fremje sine ønskjemål i denne saka.