Avløysar, ledig stilling på Hafslo

5 gardbrukarar på Hafslo søkjer avløysar i full stilling frå 1.1.2008. Hafslo er rikaste jordbruksbygda i Luster kommune og gardsbruka ligg samla i sentrum. Bøndene driv moderne og på same tid tradisjonelt. Om sommaren har dei dyra på fellesstøl.  

AVLØYSAR


Landbrukstenester Sogn har ledig heil stilling som jordbruksavløysar på 5 gardsbruk, Hafslo, frå 1.1.2008. Bøndene driv med mjølkeproduksjon. Dei har solid kompetanse og lang erfaring med husdyrbruk.


Me ønskjer å kome i kontakt med ein person med interesse innan landbruk og relevant praksis. Søkjar må kunne jobbe sjølvstendig og ha førarkort til traktor.


Me tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø med moderne drift og optimisme i jordbruksnæringa.


Nærare opplysningar hjå aud.fossoy@n-lt.no, tlf. 57 68 13 95,  eller Claus Moe, 90 17 81 99.


Søknad og cv skal sendast Landbrukstenester Sogn, pbk 157, 6866 Gaupne, innan 9. november.