Avløysar, ledig stilling i Fortun

Fortunsdalen Avløysarring har ledig stilling som avløysar med snarleg tilsetjing. Ringen ønskjer seg søkjarar med interesse og røynsle frå jordbruket. Landbruksutdanning er ein fordel, men ikkje noko krav. Søknadsfristen er utvida til den 25. oktober.

Landbrukstenester Sogn


  


 


AVLØYSAR


Landbrukstenester Sogn har ledig eit vikariat som avløysar i Fortun/Skjolden med snarleg tilsetjing. Fortunsdalen Avløysarring har 6 medlemer med mjølkeproduksjon og litt sau.


9 av 10 bønder stortrivst i yrket sitt (Statistisk Sentralbyrå, Nationen. 26.9.) Medlemane i Fortunsdalen Avløysarringen trivst og fleire av dei satsar friskt på jordbruksnæringa si. Dei ønskjer difor å kome i kontakt med ein person med interesse innan landbruk og relevant praksis. Den som søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og utdanning frå jordbruksskule er ein fordel, men ikkje noko krav.


Nærare opplysningar hjå Aud Fossøy, tlf. 57 68 13 95, aud.fossoy@n-lt.no, www.landbrukstenester-sogn.no eller Jan Norvald Steig, tlf. 913 61 687. Søknad med attestar og vitnemål skal sendast Landbrukstenester Sogn, pbk 157, 6866 Gaupne, innan 25. oktober.