AUD PÅ JOBB I 25 ÅR

Dagleg leiar i Landbrukstenester Sogn, Aud Fossøy, har vore i same jobben i 25 år. På styremøte 9.mars vart ho heidra med gåve frå styret.

Styreleiar Jens K. Nes overrekte ho eit måleri av den lokale kunstnaren Signe Veka. Motivet var Bergsetbreen som Aud kan sjå frå heimstaden sin i Krundalen.  Truleg fall gåva i smak. «Flottaste motivet eg veit om», sa Aud etter utmerkinga.