Årsoppgjer

Frå nyår og til 20. januar har det vore hektisk aktivitet hjå oss for å få unna resten av lønningane for fjoråret,  klargjere og sende ut årsoppgåver og lønns- og trekkoppgåver. Alle skal ha fått desse dokumenta tilsendt no.

Dokumentasjon av avløysarutgifter blir sendt elektronisk frå oss til Fylkesmannen. Me har elles mykje arbeid med å gjere rekneskapen ferdig for 2007. Likevel blir det jobba parallelt med rekruttering av nye avløysarar, for me ønskjer å tilby god arbeidshjelp til medlemane. Arbeidet med å skaffe nye avløysarar må intensiverast og dette er sjølvsagt ei prioritert oppgåve hjå oss. Meld frå om din avløysar har ledig kapasitet.